jobbmindre.net

Meny

Peikarar

Velkomen til jobbmindre.net!

Nettstad for grøn økonomi og eit liv med tid til livet.

I 1980 var eg 7 år. Vi hadde bygd oss nytt hus i nytt bustadfelt, og under juletreet fann ungane i gata digitalklokker, stereoanlegg, rattkjelkar og slalomski. Innimellom den tradisjonelle bekymringa for rekningar og avgifter, forsto eg på dei vaksne at vi i Norge sat på den grønaste av alle grøne greiner. Dei jobba 8 timar kvar dag (ofte berre ein av dei), og det gav ”folk flest” nok pengar på lønskontoen til eit forbruk som sakna sidestykke både i historia og verda. I dag er vi dobbelt så rike, det vi kjøpte for ei månadsløn i 1980 kan vi i dag kjøpa for halve månadsløna. Men framleis jobbar vi like mykje og har det visst like travelt med å få endane til å møtast og døgnets timar til å strekka til. Miljøbelastninga av ”hyperaktiviteten” vår har ikkje vorte mindre, trass mange lyspunkt på dette området. Kan det verkeleg vera nødvendig å halda på slik, eller kunne vi prioritert annleis?

Vi vil, vi vil, eller…?

Skriv ein kommentar

«For flertallet i den vestlige verden er ikke vekst i materielt forbruk like viktig for vår livskvalitet som tidligere. [Derfor må det tenkes mer i retning av]… kortere arbeidstid, mer ferie, bedre permisjonsordninger eller økt etterutdanning.»

Tru det eller ei, sitatet er henta frå gjeldande program for Arbeiderpartiet. Tenk om vårt største parti meinte dette på alvor, og tanken for alvor slo rot i fagrørsla (det er nokre spirer der). Noko å drøyma om i desse tarifftider!

Framtiden i våre hender har nyleg levert ein rapport som viser at ei slik reform, blant andre gunstige effektar, vil ha klar klimaeffekt. Les omtale og finn rapporten her. Eller les om saka i Dagsavisen.


« Fleire artiklar